Aktuelt

Den store Sponsordagen 🙂

Lørdag 7.april arrangerer Voss Ski- og tursenter OPEN DAG for ALLE! Det vert konkurransar og premiar og ALT er gratis!! Kom og bli med! Her får du prøve deg som langrennsløpar og skiskyttar for ein dag!

Det vert servert pølser, kaffi og saft!

NC/NM på heimebane 8-11 mars

Velkomen til bygda Voss! Meir informasjon på skiskytingvoss.no.

foto86129

Årsmøte 20.mars

 

Styret kallar hermed inn til årsmøte i Voss Skiskyttarlag.

Årsmøtet finn stad den 20.03.2018 kl 18.00 i arenahuset i Voss ski og tursenter.

Saker som medlemmar ynskjer å ta opp på årsmøtet, må sendast til styret innan 06.03.17 til tommy.vik@bkk.no.

Fullstendig sakliste med alle saksdokument vert tilgjengeleg for medlemmane seinest ei veke før årsmøtet på heimesida.

For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingent. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valbarhet, forslagsrett mfl., sjå idrettslagets lov § 5 til § 8.
Velkomen til årsmøte!

Med venleg helsing

Styret i Voss Skiskyttarlag v/ Tommy Vik

 

Gla`laks Cup i Voss ski- og tursenter

Helga 10-11 feb arrangerer Voss Skiskyttarlag Gla`laks cup 7 og 8. Eit arrangement kor store og små er i full drift. Denne helga er også ein prøve fram mot NC/NM i mars.

Programmet er fylgjande:

Lørdag- Normal

Søndag- Sprint

Resultatliste vert lagt ut under fana «Resultat».

Velkomen til alle utøvarar, og lykke til 🙂

Une Kvelvane til Junior VM i Otepää 🙂

Voss Skiskyttarlag gratulerer Une Kvelvane med uttak til Junior VM i Estland.

27336722_1994139210613946_5443516056880577057_n

 

Hilde Fenne til OL i Pyeongchang 🙂

Voss Skiskyttarlag gratulerer Hilde Fenne med uttak til årets OL i Sør- Korea.

64014335

NM/NC på i regi av Voss Skiskyttarlag

Voss Skiskyttarlag skal arrangere NC/NM for juniorar og seniorar 8-11 mars i Voss ski- og tursenter.

Programmet vert fylgjande:

8.mars- Treningsdag

9.mars- NC Sprint

10.mars- NM Normal

11.mars- NM Mix stafett

I samband med dette krev det mange funksjonærar. Dersom du/de ynskjer å bidra, meld dykkar interesse her. Saman skal me lage eit flott arrangement 🙂

Informasjon angåande arrangementet finn du her. Dette både for utøvarar og funksjonærar!

Opningsrenn på Sjusjøen

Denne helga, 18- og 19 nov, startar årets sesong med opningsrenn på Sjusjøen. Det vert gjennomført sprint på laurdag og fellesstart på søndag.

Voss Skiskyttarlag ynskjer alle utøvarar lykke til! 🙂

Resultat vert lagt ut etterkvart!

Den store sponsordagen

Lørdag 26 august arrangeres sponsordagen i Voss ski og tursenter.
Se vedlagt link for program.

 

Vinnere av Bjørndalen fondet!

Voss skiskyttarlag ble plukka ut som 1 av 4 vinnere av Ole Einar Bjørndalen fondet!
24 August kl 1800 vil me motta 3 Anschutz gevær av sjølvaste Bjørndalen i Laksevåg.
Desse vil kome godt med i klubben og til vidare utvikling av utøvarane våre samt rekruttering av nye utøvarer.
Det er ynskjeleg at flest mogleg frå klubben stiller på arrangementet 24 august.
Vedlagt ligg programmet:

Invitasjon OEB fondet 2016 A5

 

Blinkfestivalen 2017

I helga vert årets blinkfestival gjennomført på Sandnes i Rogaland.

Fleire utøvare fra Voss skiskyttarlag deltok.

Une Kvelvane gjekk heilt til topps i klassen K 20/21.

Voss skiskyttarlag, skiskyting, Voss

Une Kvelvane, Blinkfestivalen 2017

http://www.avisa-hordaland.no/nyhende/junior-une-kom-til-senior-semifinalen-1.2065815